Ramsøyni MC - Årdal

fredag 20 juli ’07

Med råaste sykkelen

Frå Sognavis 10. juli 2007. av Jan Egil Rimreite.

Rå, ein Harley Davidson softtale custom er ikkje daglegdags. Raymond Strand har brukt fire år på sykkelen.Årdal: Treffleiar Raymond Strand frå Ramsøyni MC stilte med den råaste sykkelen under MC-treffet i Årdal i helga. Ein Knallgul Harley Davidson Softtale custom fekk mange interesserte blikk på seg. Strand seier at berre ramma og motoren er originalt på sykkelen. "Resten er bygd, sveisa og skrudd saman", seier Strand, som har brukt fire år på å få sykkelen slik han vil. Men han reknar med å bruke endå meir tid på dette. "Slikt stoggar aldri".

Godvêr

Det tradisjonelle treffet til Ramsøyni MC i Vikadalen var velsigna med godt vêr mesteparten av helga. Vêret skapte likevel problem for arrangørane, då regnet på austlandet stogga mange i å ta turen til Årdal. "Me ville sikkert hatt dobbelt så mange her frå Asker MC dersom det ikkje var for det dårlege vêret austpå. Når det bøttar ned slik det har gjort dei siste dagane, så kvir du deg litt for å setja deg på sykkelen. Men nokre av dei tok turen, og det angrar dei nok ikkje på i dag."

Ølstafett eller tautrekking

POTENT Via(n)gra Bikers tok seg greitt av tautrekkinga Laurdag ettermiddag hadde mellom 70 og 80 syklar dukka opp på treffet, normalt plar oppslutnaden ligga ein stad mellom 100 og 150. Men dei som kom, såg i alle fall ut til å mora seg saman, anten det dreide seg om ølstafett eller tautrekking. Den populære båtturen frå Vikadalen til Ofredal samla som vanleg godt med folk. Også Bent Vadseth veit å få opp stemninga ved hjelp av gitaren sin.

TIANDE ÅRET, Jan Inge Lerheim var på treffet i Vikadalen for tiande året på rad i helga. Jan Inge Lerheim, utflytt sogndøl, er ein av dei som får med seg treffet kvart år. I år var det tiande gong han dukka opp i Vikadalen. "Det er tiande treffet på rad eg er med her. Dette er eit kjempetreff, skikkeleg sosialt og bra. Eg har vore med og arrangera treff sjølv, og veit kva som ligg bak av arbeid."

Eige hus

Ramsøyni MC i Sognavis Ramsøyni MC er elles i siget for tida, og har endeleg fått signal om eige hus etter at dei måtte ut av brakke sin i Saltvikki for eit par år sidan. No har dei fått plass i dei tidlegare lokala til ungsomsklubben Hybili. "Me hadde vel aldri sleppt brakke ein dersom me hadde visst kva problem som dukka opp i etterkant av det. Me er ein MC-klubb som representerer vanlege folk, familiar med born og driv seriøst. Me har rett og slett synt den rette sida av ein hobby MC er. Men me datt frå 65 til 14 medlemar i den perioden me har krangla om å få eige hus, og eg vonar me kan få opp att talet på medlemar etter kvart.

Skrevet av Eugene

Brukte merkelapper: ,
Etter to kommentarer kan du endå skrive ein til:
Raymond Strand lørdag 21 jul ’07

Hei !! folkens, dette er ikke helt riktig uttalelse fra Sogn avis.Jeg var kåret til treffet`s råeste sykkel på SUB treffet i Olden. Vi Ramsøyni Mc har ikke slike utmerkelser, vi burde kanskje ha det, men da kun for Dere som kommer å besøker vårt treff.

Jan Henning Berteig (E-post) onsdag 15 aug ’07

RÅ Harley uansett!

  
Husk personlig info?

Føleikon

For å unngå automatisert kommentarspam, krever vi at du svarer på dette vedlig enkle spørsmålet.
 


Varsling:
Skjul e-post:

Merk: Alle HTML-tagger utenom <b> og <i> fjernes fra kommentarer. Du kan lage lenker ved å skrive URLen eller e-postadressen rett inn i teksten.
RSS Feed